Overvelda!

Eg legg meg sliten og nøgd, med eit STORT glis om munnen!!! Det har vore ein fantastisk bursdag :D :D :D Tusen takk til alle som gjorde dagen så bra! :)

Inni meg  kjenner eg meg litt som ein av desse i publikum:

Eg er begeistra. Overvelda. Full av glede, samtidig rørt. Rett og slett himla nøgd. Takksam! Takksam! Takksam! Mæææææææææn, eg er så rikeleg velsigna! Helledussen, Gud er FIIIIIIN :)

Litt er betre enn ingenting!

Eg beklagar! Eg lovar og lyg. Desse oppdateringane er både sjeldne og særleg forsinka. Men no skriv eg iallfall ;)

Sidan sist har eg gått på ny behandling, sendt ein bønsj med blod til Tyskland, slutta på behandling og hatt konsultasjon med herr overlege. Det er ikkje så veldig mykje nytt på prøveresultata, men litt godt er det å meddele. Til tross for at det var ein del negativt, meinte doktoren at det gjekk i rett retning, og at eg gjerne ville merke framgang etter nokre veker. Dei vekene har no gått, og situasjonen har faktisk vore litt annleis:) Dei siste vekene har eg til tider hatt moglegheit for å lese litt bøker, noko som har vore grueleg kjekt. Lammelsar har eg særleg lite av, og hosten er heller ikkje plagsom. I tillegg kjennes kroppen litt sterkare ut, sjølv om den eigentleg ikkje er det. Samtidig er den det. Innvikla, eg veit ;)

Forma er leveleg, andre gonger ganske drit og til tider skikkelig ille. Men noko annleis har det vore dei siste vekene, viss ikkje hadde eg ikkje hatt sjangs i havet til å vore med på alt det eg har gjort. Eg har hatt ein fantastisk sommer :)

Dette er av stor betyding for min del, sjølv om det ikkje er noko særleg avgjerande for helsetilstanden, ettersom dette berre er nokon få av symptoma. Men det lovar godt! Det er endeleg litt samsvar mellom prøveresultat og den reelle tilstanden, noko som ikkje berre er kjekt for min smerteterskel men det tyder i tillegg på at det beveger seg i ei positiv retning.

Tommel opp! :)

(Bloggsky sidekamerat vart klyppa vekk. PS: Legg merke til den grimme tommelen. Det er ein kunst å ta fine “tommel opp” bilete)

No har eg pause frå medisiner, med tanke på at det er stor påkjenning for kroppen med all behandlinga eg har gått på. Det er vedunderleg å sleppe alle medikamenta! Ellers, så skal eg snakke med legen att i byrjinga av september ;)

Lenge etterlengta framgang!

Endeleg kan eg gi eit positivt svar, når folk lurer på kva dei siste prøvene viser :-) Med tlf.konsultasjonen på måndag, kom det nokon etterlengta gode nyheiter :-) Nokon av prøveresultata gjekk i positiv retning. Ikkje så mykje, men littegrann framgang var det, og det tyder på at bakteriane reagerer på medisinen, og det er flott! Håpar at det held fram med det :-) Men det er for tidlig for meg å merke nokon forskjellar på helseformen min. Tålmod, tålmod ;-)

I tillegg respondera kroppen min greit på medikamenta, ingen uoverkommelege bivirkningar, derfor skal eg fortsette på nokolunde den same behandlinga. Litt endringar (heldigvis!!!!). 6 tablettar kvar dag er ein fryd no, etter forrige kur med ein dagleg dose på 17 tablettar ;-)

Planen no:

- Prøve ut behandlinga i ein mnd., deretter drøfte om det er nødvendig å reise ned til Augsburg.

- Eg har hatt time med ernæringsfysiolog, samtidig som me har fått litt veiledning i frå Tyskland, til kva eg bør ete for at mat og medisin skal samarbeide best mogleg for å gjere kroppen godt.

Vonar at du får ein velsigna god søndag :-)

Oppdatering!

Eg skal ikkje leggje skjul på at dei siste to månadane har vore ei utfordring til tider. Forma har vore ille, styggelig ille iblant. Men den siste veka har det komt seg litt opp att, så no trur eg at eg kan skrøyte på meg at forma er tilbake der den bruker å vere :-)

Men det som har vore litt spesielt, nei eigentleg veldig spesielt, er at då forma var som verst – var hovudet mitt klarare enn på lenge. Borreliosen tullar med hjernen min, og set hinder for hukommelsen, konsentrasjonen og min evne til å ordleggje meg. Dermed vert eg ofte veldig vimset, særleg etter eg begynte på medisiner att. Og det kan vere veldig frustrerande, ettersom det er total kontrast i forhold til korleis eg er. Så dei dagane eg var som verst, skulle eigentleg desse negative trekka auka kraftig. Men i staden ga Gud meg nokre dagar, der eg klara å lese lenge og samanhengande, formulerte meg annleis, kunne sjå på dokumentarar og program av teknisk/vitenskapeleg/psykologisk innhald. Dagar der eg fekk med meg masse lærerikt. Eg elskar å lære! Eg fekk gjere ting eg eigentleg har stor glede av, men som ofte heller stresser meg ettersom eg ikkje heilt klarar å få det med meg.

 Grublings på hytta!

Det var ei særleg nødvendig påminning om det hovudet Gud har gitt meg. Det hovudet eg eigentleg har. Det hovudet som gøymer seg bak bakteriar. Det var veldig fint og godt! Tusen takk :-)

Ellers er nye blodprøver på plass i Tyskland til analyse, og neste tlf.konsultasjon er 9.mai. Kva resultata kjem til å verte, veit eg ikkje… Det er vanskeleg å vete, ettersom det ikkje er noko store skilnadar. Hosten er betre, og tilfeller av lammelsar er mindre :)  Men på dei andre symptoma er det lite endring. Det kan skyldes fleire ting. 1) Det kan vere pga.Herxheimer reaction (når mange bakteriar døyr samtidig, aukar det inflammasjonen i kroppen og forsterkar symptoma), som er positivt, ettersom bakteriane døyr, men smertefullt. 2) Det kan vere eg har hatt andre midlertidige infeksjonar i tillegg, som har gjort forma verre. 3) Eller, så kan det vere at bakteriane ikkje er så ømfintlege for medisinen.

Det vert spanande å sjå kva prøvene viser :)

Fridom, nam!

No synes eg litt synd på alle dykk som har trykka seg inn her så mange gonger utan å lese noko nytt. Så viss eg absolutt skal prestere med nokon “nyheiter”, kan eg seia at eg venter framleis på medisinen.  Derfor har eg no hatt eit godt opphald utan å gå på medisin. Jippi! Det er ganske befriande det :-D Kjempe deilig! Mmm!

Den pillefrie perioda skyldes at det ikkje er mogleg å få tak i all antibiotikaen her i Noreg. Derfor skulle dei sende alt i frå BCA, slik at eg kan følgje det behandlingsopplegget dei har lagt opp til punkt og prikke.

Medisinen har hatt ei lang pause i tollen, men det gjer ingenting. Eg likar godt (veldig, veldig godt) desse medisinfrie dagane. Fryder meg over dei! :-D For min del kan tollvesenet berre forsyne seg. Neida. Joda. Neida… ;-)

Gledar meg til kvar dag, skal verte medisinfri dag :-D

Ein kommentar til det førre innlegget!

Eg tenkte eg kanskje skulle slenge med eit lite tilleggsinnlegg, til det innlegget eg skreiv føre, om kva som skjedde etter helbredelsen.

Eg valgte og ikkje ha dette med i posten, for eg ville at vitnesbyrde skulle få stå åleine. For det er stort! Kjempe stort! Det Gud gjorde er fantastisk og av like stor betyding, uavhengig av kva som skjedde i vekene og månadane etterpå.

Det hadde seg slik at ei veke etter eg vart helbreda, fekk eg halsbetennelse og influensa. Så gjekk helsa opp og ned, mest ned, deretter. Eg var lenge overbevist om at eg berre var sliten, ettersom det er ei stor påkjenning for kroppen med 4 infiserte år. I tillegg, hadde eg eit immunforsvar som ikkje kunne skrytas av.

Det som kom av sjukdom i vekene etterpå, var annleis enn slik det hadde vore før helbredelsen. Så eg tenkte berre at kroppen trong veldig god tid til restituering, og at vegen til eg hadde fått bygga meg skikkelig opp att, skulle vere smal, lang og veldig tung.

Doktoren våga ikkje å avslutte behandlinga heilt då eg vart frisk, men eg gjekk over på svakare medisin. To månadar etterpå, tok eg nye blodprøver som skulle sendas til Tyskland. Resultata var kjipe, og det var det litt blanda følelsar rundt. På ein måte var det veldig dumt, sidan eg no hadde fått borreliose igjen. Det var jo kjempe kjedeleg. Samtidig var det litt godt med at prøveresultata var slik dei var, for då var heile situasjonen min meir forståeleg. Ettersom forma hadde vorte elendig, fekk  eg ein fred då eg såg det svart på kvitt at eg hadde sjukdom i kroppen att. Då var det meir greit, og det hang på greip kvifor situasjonen gradvis hadde vorte slik den hadde vore før 8.januar. Så då var det tilbake på sterke medisiner…

No skjønar du kanskje litt meir av korleis det heng saman. Men det som skjedde i etterkant, endrer likevel ingenting på kva Gud gjorde. Gud helbreda meg (WOW!), og eg hadde ei fantastisk veke utan like. Ei veke utan smerter og ubehag. Det var ein så absolutt nødvendig smak i frå himmelen. Eit jafs som forfriska minnet mitt om korleis Gud har skapt meg, korleis livet mitt eigentleg er. Massivt påfyll av glede, takksam, håp, tru og forventning om tida eg skal få vere fri frå alle tåpelege bakteriar.

Så vil eg gjerne legge til at eg har vorte bedd for mange, mange, mange, mange, mange gonger. Enkelte ber for meg kvar dag, og folk har samlas, med eller utan meg, for å be om helbredelse, utan at det har vorte endringar i helsa. Men all bønna har likevel vore viktig. Livsviktig! Sjølv om eg ikkje har vorte i bedre form når folk har bedd for meg, har Gud gjort mykje på innsida. Han gjer alltid noko når me ber, det er berre ikkje alltid det kjem i den forma me førestill oss.

Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna.” Rom.12,12 :-D

8.januar 2010, eit jafs av himmelen :-)

Eg har tidligare skrive eit innlegg i denne kategorien, det kan du lese her, så skjønar du litt meir kva det går i :-)

Eg har ei Jesusdagboka, som er ei bok der eg skriv ned fine opplevelsar saman med Jesus. Her om dagen ville eg kikke litt i den, og det første eg slo opp på var det eg hadde skreve om den kvelden eg vart helbreda i fjor.

Helbredelsen sit godt i minnet framleis! 8.januar, 2010 er den mest fantastiske dagen til no.Hjarte mitt vart djupt rørt av å lese dette att. Og eg opplevde eg blei minna om å dele det her. No får dykk eit lite innblikk i mine tankar, opplevelsar og følelsar rundt den kvelden. Kjenner dette kanskje er litt pinleg, og eg veit det er langt (endå til eg har forkorta litt), men eg trur det vil vere til glede og oppmuntring for deg :-) Du og eg har den same Pappaen, det er vår Gud. Han er fantastisk!!! :-D


——————-

(Torsdag 7.jan, 2010) Denne veka er det “Healing School” med Marc Dupont. Eg var eigentleg kjempe klar for det, men det har eg ikkje makta. Forma har vore så dårleg. Det har vore veldig kjipt. Eg trong jo dette så inderlig! Men, uansett kor mykje eg har pressa meg sjølv om morgonen, gjekk det ikkje. Det endte bare med at eg kasta opp, og vart sengeliggjande.

(Fredag 8.jan, 2010) I dag morges, då eg prøvde alt eg kunne å stå opp utan hell, vart eg veldig skuffa. Eg hadde ikkje sjangs. Eg skjøna ingenting. Det var ikkje slik det skulle vere? Fordi, heile veka hadde eg kjent at noko er i gong. Gud har gitt meg så mange sommerfuglar, og eg har kjent meg så full – som om eg har vore klar til å sprekke, så klar til noko. Eg visste ikkje kva, men noko skulle skje. Lei meg og skuffa, sukka og ropte eg til Gud. Eg sa til Han korleis eg følte og opplevde det.

Etter at eg hadde fortalt Gud korleis eg hadde det, var det som om han sa “I kveld, Inger Elise. I kveld er din kveld. I kveld skal du få verte helbreda”. Eg kjente det. Eg kjente det i heile kroppen. Eg var full av forventning. Det bobla inni meg. I kveld skulle det skje. Det var inga tvil om at dette var i frå Gud, men eg skulle gjøyme det i hjarte mitt.

Då eg kom på møtet, var eg varm. Overraskande, ettersom eg som regel alltid frys. Samtidig var det så inderlig godt å vere der. Vanvittig deilig!

Gud byrja å jobba med meg med ei gong. Det kjente eg inni meg. Allereie under lovsangen, glapp eg ei tåre. Først var eg så i mot at eg skulle grine. Eg ville ikkje grine. Eg va så lei av sorg, smerte og at ting skulle vere drit. Eg ville heller at det skulle skje på ein annan måte. Konkret og enkelt. Kunne eg ikkje berre spy det opp? (Åh, det er veldig glad for eg ikkje gjor. Takk Gud, for at du alltid tenker lenger enn meg)

Etter kvart kjente eg at det bobla skikkelig inni meg. Sånn det gjor i Kristendomstimen ei gong i 1.klasse på vgs. Der eg kjente at eg visste ikkje heilt kor eg skulle gjere av meg, for eg var så full av Den Heilage Ande. Det bobla så sterkt inni meg. Eg kjente at det var rett før eg heldt på å rope, eller at eg var nødd til å springe eller noko – det måtte i alle fall ut!

(Eg ville ha eit ivrig bilete, og kva er vell meir livat bilete enn ei 17 år hyper prinsesse?)

Men etter litt, roa det seg. Eller, det gjekk over til å vere behageleg godt. Og etterkvart trilla det fleire tårer. Men det var god grining. Det var litt blanding av lettelse, og av ei enorm glede og begeistring for at dette var min kveld – dette var verkeleg min kveld. Og eg var så himla hungrig på Gud – kjempe! Dei som sat på sida av meg prøvde å snakke med meg, men eg var så fokusert at dei fekk berre ei halvveis kort respons. Eg måtte jo få me meg heile møtet. Tenk viss eg gjekk glipp av noko????

Men medan eg såt der, fekk eg jo eigentelg ikkje med meg så mykje av kva som vert sagt heller. Eg var heilt vekke. Eg var så overvelda over kva som kom til å skje. Spent. Forveten. Og Gud forbereda meg på kveldens høgdepunkt. Eg tenkte at i kveld skulle eg få sende mld.til mamma og pappa om at eg hadde blitt helbreda. Det SKULLE eg!

Etter preika, tok eg av meg støvlettane for eg tenkte at snart skulle eg få springe. Eg gjekk bak og lovprisa. Eg var så fri. Gud hadde verkeleg senka skuldrene mine, heilt ned. Eg var så lett som eg aldri før hadde vore. Så det var deilig å bevege meg så mjukt fram og tilbake, og eg lyfta hendene utan problem. Snart skulle det skje!

Etter eg hadde stått der ei stund, kom ei klassevenninne bort til meg og spurte om ho kunne gi meg ein klem. Selvfølgelig, sa eg! Den var god :-) Då var det som om Gud sa til meg “Inger Elise, eg ser deg. Berre vent”

Etterkvart vart me invitert fram til forbønn. Under heile møtet hadde eg kjent så sterkt på at eg skulle spørje om Marc kunne be for meg, og ei anna klassevenninne. Eg spurte ho, og det ville ho. Men ho trong fleire. Så ho fann to andre klassevenninner, så sa ho “Så vil eg ha Marc”(eg hadde ikkje fortalt ho at eg kjente på at Marc måtte be for meg). Men så sa eg at han sto ennå oppe på scena, så kanskje me skulle vente litt. (På dette tidspunkte heldt ho meg i handa, og drog meg rundt forbi) Før eg visste ordet av det, var hu i full veg opp på scena (eg ville ikkje opp, så eg slapp ho) og småsprang bort til Marc og spurte om han ville vere med å be for meg.

Dei kom ned, og eg fortalte han kva eg ville bli bedt for. Så kom det ein god del andre og ba for meg samtidig. I ca.20 minutt. Eg var varm. Veldig varm inni meg. Det bobla. Kribla. Tårene trilla – men igjen, berre av glede og lettelse. Augo mine var igjen heile vegen, og kjente Gud gjor mykje i meg – Han skapa noko nytt! Men det var berre behageleg og godt :-)

Eg opna augo, og gjor teikn til at no trong dei ikkje be meir, men eg sa ingenting til dei. No visste eg det, no hadde Gud fullføra løftet sitt. Eg kjente meg sterkare. Åh, så sterk! Samtidig litt herja, etter å ha vore varm, kald, varm, sveitt og grene, men det var litt fint og :-) Eg var så mykje sterkare. Kjente meg sterkare enn eg nokon sinne hadde vore. All smerte og ubehag var vekke. Pusten min var så god, lungene mine så frie og friske. Skuldrene mine var så lette. Kroppen min var så lett. Eg hadde MASSE energi. MASSE, MASSE!!!!

(Gud satte kryss over heile symptomlista mi, JIPPIIIIII)

Ivrig, særdeles ivrig var eg etter at ein kompis skulle spørje meg korleis det gjekk med meg. Han gjor det, og eg ropa av glede “BRA, berre godt. Alt er godt!!!!” :-D Me gjekk bort til Marc, eg fortalte han korleis eg kjente meg. (Me sto framme, nede me scena) Han spurte om eg kunne springe ned til døra og tilbake att. Eg berre “AS FAST AS I CAN????” Han nikka, og eg sprang. Sprang til døra, og tilbake. Utan problem!!!! Heilt i 100 var eg!

Så tok han armen rundt meg, og sa at dette måtte eg fortelje på scena. (Hjelp…litt…nei ganske motvillig var eg eigentleg. Men eg var heilt hyper, skjøna ikkje heilt kva som skjedde sjølv, så eg var overraskande lett å overbevise. No hadde jo Gud gitt meg denne fantastiske gåva, eg måtte jo fortelje om den) Eg vitna, og folk jubla og klappa! Til slutt, skulle eg springe ei runde i salen. Då tok folk bølgja, og heia på meg. Heile vegen. Skikkelig heiing, heilt til eg var framme med scena igjen. (To dagar før, hadde eg drøymt at eg vann eit maraton. Gud alså, du gir meg så fine teikn :-) )

Etterpå var eg overvelda. Av alt. Wow! For ein FANTASTISK GUD me har! Du fine, fine Pappaen min! Og så var det så kjekt at folk delte gleda saman med meg. Folk vart rørte, begeistra og glade saman med meg! Dette var jo heilt vilt! På ein kveld, har Gud snudd livet mitt opp ned. Wooooow!  :-D

Eg er ikkje trøytt. Sjølv om klokka no er 5 om nåtta. Det er jo ikkje såve eg vil, det er jo ikkje vits. Wow! For ei FANTASTISK gåve. Tenk at Gud har helbreda meg. Åååååååh, AMEN!!!!!! :-D :-D :-D :-D :-D :-D :-D :-D :-D :-D :-D :-D :-D :-D :-D :-D

——————————————————————

Den kvelden sovna eg ikkje før ho var 7, for eg var så veldig takksam for kva Gud hadde gjort. Den fantastiske gåva Han ga meg! Overvelda var eg i fleire veker etterpå. Det vert eg framleis av å tenkje på det. Tenk at Gud elskar meg så mykje, at Han faktisk ville gjere noko så fantastisk for meg! Wooooow!!!

Sjølv om det vart seint, var eg likevel oppe morgonen etterpå kl.11. Klar! Heilt i 100 :-D Og resten av helga, sprang eg mange, mange, mange runder rundt i møtesalen. Og det var så deilig å kjenne på gangsperr att, frå verkeleg innsats! Tjohei :-)

Dette gjor vår sterke, fantastiske Pappa for meg! Han er min Gud, men og din! Han er den same i dag som Han alltid har vore, og det er den same Guden me alle treng. Hos Gud er me alle favorittar!!! Det er ikkje slik at berre eg skal få spesielle goder slik som dette. Nei, det er så mykje Han ønsker å gjere for deg, berre fordi Han elskar deg :-D

Det er smertefult å puste, og det gjer det vondt å kome borti med handa på min eigen kropp…

Eg er sliten.

 

5048574156_405beeb992_z_large

 

Tlf.konsultasjon kl.09:30 er litt tidlig.

I dag hadde eg tlf.konsultasjon med overlegen på BCA. For å settje ting litt i orden for deg, kan eg sei at alle doktorane konsulterar seg med han angåande sine pasientar, sjølv legen eg hadde i Blankenburg. Derfor har han eigentleg hatt ein finger med i behandlinga mi fram til no også. Men, no har han blitt min lege. Kvifor? Jo, det kan du lese her ;-)

DESCRIPTION: Man in doctor office, doctor listening to chest CAPTION: HEY ... I JUST REALIZED THAT THERE WON'T BE ANY DOCTORS IN HEAVEN

Ettersom pappa er i Singapore, og mamma hos bestemor, var det berre eg åleine denne gongen. Litt spent, men det gjekk heilt flott :-) Det er ikkje så enkelt å fortelje her korleis prøveresultata er, ettersom det er ganske innvikla. Så for å sei det kort og konsist; dei var ikkje fine. Det hadde vorte litt nedgang (der det eigentleg skal vere oppgang).

Men dei hadde ganske nyleg utvikla eit nytt behandlingsopplegg, som er spesifisert for dei som bur og har vorte bitt i nord-europa. Fordi, dei opplev oftast å få ein spesiell tilleggsinfeksjon, i tillegg til dei vanlege sideinfeksjonane (som dei europeiske prøvane ikkje klarar å få så godt fram). Denne behandlinga hadde dei no prøvd ut i nokre månadar, blant anna på andre nordmenn, og dei opplevde framgang :-)

Legen hadde stor tru for at dette var det beste for meg, og at det vil bli framgang med dette :-) (Vil igjen berre minne om at dette er ein seig, seig sjukdom, dermed krevs det tålmod ;-) Betring kjem ikkje på 1, 2, 3, men over ein større periode ;-) )

Kven har bedt deg om å tie? (Tidas mest usaklege innlegg!)

Eg er nysgjerrig. Den kom nok som ei overrasking ;-) Daniel sa det så fint “Du er nysgjerrig på ein god måte, Inger Elise. Du er ikkje sladrete, men nysgjerrig på ein fin måte. Du bryr deg. Du liker å følgje med. Har kontrollen på det meste som skjer. Eg likar at du er nysgjerrig, det er godt og fint det”. Takk Daniel ;-) Og til oppmuntring for andre nysgjerrige folk; eg leste for nokon år sidan, at nysgjerrige var oftast meir lykkelige. Ettersom dei viste interesse for så mangt. Og det er sunt. Eg lev på den eg ;-)

(Meg og Ann Bergitte, dekkjer oss til når me skal snoke)

Men denna bloggen, triggar nysgjerrigheita mi. Mange gir meg fine tilbakemeldingar på melding eller når eg treff dei. Og nokon få, særdeles få, legg igjen kommentarar. (Forresten, dykk har blitt så stille etter at eg skifta over til wordpress? Tidligare ga folk mykje fin respons. Men no tier nesten alle, sjølv om det har vorte fleire av dykk. Hmm…) Men det er alt eg får vete! Ellers, må eg klare meg med antall personar som har vore her inne. Eg får ikkje vete kven som snokar på meg.. Iiiik! Verdensproblem, eg veit!

Hjelpes, eg blogga akkurat om bloggen. Dette er som tittelen seier, tidas mest usaklege innlegg, og kvalifiserar seg definitivt i kategorien “Ymse”  ;-)

Til deg som er nysgjerrig ;-)

Klinikken i Blankenburg vart lagt ned ikkje så lenge før jul. Årsaka var at investoren såg det ikkje lønsamt å drive den lenger. Derfor skal eg no berre verte behandla hos Borreliose Centrum Augsburg.

I går var dagen der eg fekk prøveresultata. Men, det var også første dag tilbake på jobb etter ferien for dei på klinikken. Dermed hadde det vore ein del kaos. Travelt. Med tanke på at det er ein del resterande juridiske ordningar, som må ordnas for at dei skal kunne overta alle journalane til dei som fekk behandling med klinikken i Blankenburg, osv. Derfor hadde ikkje legen tid til å snakke med oss.

Eg kan delvis tolke mange av prøvene sjølv, men det er ikkje alle eg kan stå for med 100% sikkerheit. Derfor ventar eg med å seie noko om det, til me har hatt konsultasjon med legen ;-)

Peace out :-)

Du er rett og slett fantastisk, du!

Eg er veldig forsiktig med både å leggje ut bilete av andre, og nemne namn her. Fordi eg er redd at viss eg nemner nokon, kjem andre til å verte lei seg for at eg evt.har gløymt dei o.l. (Og nokre andre grunnar) Det vil eg unngå. Men samtidig finnes det så mange fantastiske menneske. Og eg er svært heldig som kjenner mange av desse. Og eg synes at til tider, gjer det ingenting å setje litt ekstra lys på eit enkelt menneske :-)

Heldigen meg, er rikeleg velsigna med tri flotte, fine, omsorgsfulle, vakre, gode, godhjerta, kule, festlige, rause, hjertelige, vise, kunnskapsrike, dyktige, kjærlige søstre. Eg er like glad i dei alle tri, men no ønskar eg å setje lyskastaren spesielt på ei av dei. Det må vell vere lov? Eg gjer det uansett, for det forten ho :-)

(Meg og MK, Frankrike sommer 06)

Eg kjenner eit fantastisk menneske. Meget fantastisk er ho faktisk! Ho heiter Margit Kristine. Lista over ting ho ikkje kan, er kortare enn den over kva ho kan. Gud var særleg raus, då han delte ut gåver til ho. Ho kan å strikke. Ho kan å sy. Ho kan å snekre (ja, du hadde skjøna kva eg snakka om viss du hadde sett kjøkkenhylla til Astrid). Ho kan å syngje. Ho kan å spele piano. Ho kan å spele fotball. Ho kan å spele handball. Ho kan å jobbe. Ho kan å rekne. Ho kan å kokke. Ho kan å halde reint. Ho er sterk, både til sinns og fysisk (ho blånektar sjølv at eg har lagt ho i bakken, men det har eg). Ho ber på mykje visdom og kunnskap. Ho kan å danse. Ho kan å vere sporty. Ho kan å lage god stemning. Ho kan å spre glede. Ho kan å vise glede. Ho kan å vere festleg. Ho kan å lede. Ho har ei enorm utstråling. Ho er enormt vakker. Ho kan å vise omsorg. Ho kan å vere hjerteleg. Ho kan å vere raus. Ho kan å vise kjærleik. Ho har eit brennande hjarte for Jesus. Ho kan å vere ei god kone. Ho kan å vere ei god tante. Ho kan å vere ei fantastisk søster. Ja, eg kunne ha fortsatt i ei evigheit på denne lista.

Margit Kristine kan å fikse opp. Ho ringar meg å seier “Eg har leigt rullestol, så no kan me gjere kva du vil :-) “. Triller meg rundt på kjøpesenter og flyplassar. “Skal me ta oss ein tur på firhjularen til Joar?”. “Skal me reise på Hillsong United konsert i  Oslo, og liggje på hotell?”. Titt og ofte overraskar ho meg med gåver. Eg hugsar godt første overraskinga eg fekk då eg begynte å verte veldig sjuk. New Energy sjokolade (sidan eg elskar sjokolade, og trong påfyll av energi), eit smykke og eit par med spygrønne briller frå Megaen. I etterkant har ho kome med heimelaga is (is er favoritt nr.2) fleire gonger, og ellers andre fine, fine overraskingar :-)

Den finaste av dei finaste overraskingane, fekk eg då eg kom heim frå Tyskland i november (som eg eigentleg skulle ha skreve om for lenge, lenge sidan. Men det kjem nok eit meir fyldigare innlegg om det om ikkje så lenge ;-) ). Ho og Joar hadde jobba ei heil veke (først gått på jobb, for så å ordne i kjellarstoga) med å pusse opp den tidligare kjipe, mørke og trauste kjellerstoga mi. Dei gjor den om til eit palass :-) (Det synes eg!) Det vart ein salig pytt, då eg, mamma og pappa vart ordlaus og berre grein av glede.

Ho ber for meg. Sender meg oppmuntrande meldingar. Ringer meg for å høyre korleis det går. Heng opp lappar med fine ord og bibelvers rundt i huset. Bruka lunsjpausen sin på jobb, til å hente meg på tog st.eller på skulen då eg gjekk på Tryggheim viss eg måtte heim tidleg, berre for at eg skulle spare krefter. Framleis køyrer ho eller henter meg, viss eg treng det. Ber bagasjen min. Ho passar godt på at ting vert lagt meir til rette for meg, for å gjere det enklast mogleg for meg. Det gjer ho alltid når ho kan! Viss ho ikkje kan vere tilstede, sørger ho for at nokon andre fiksar. Fekk endå til Kjetil (årets badass), til å vere gentleman for kvelden på nyttårsfesten, med å stå i kø å hente mat for meg, for at eg skulle spare krefter.

Ho er ei av dei finaste eg kjenner. Både på innsida og utsida. Hjartet hennar er digert. Og det er sanneleg handlingane hennar eit resultat av. Ho passar på meg. Ho stiller alltid opp for meg, oftast utan at eg treng å spørje. Ho ofrar mykje for min del, for at eg skal ha det godt. Og ho gjer det på ein fin måte, slik at eg ikkje opplev at eg er så mykje til bry. Ho får meg til å kjenne meg bra. Ho gir meg mykje glede. Eg vert glad av hennar nærvær. Ho lærar meg mykje. Eg ser veldig opp til ho. Ho er ei av mine største førebilete!

Eg kunne sagt så mykje, mykje, mykje, mykje meir. Men, eg trur eg stoppar her. Margit Kristine, tusen, tusen hjertelig takk for at du bryr deg om meg. Alt du gjer for meg. At du er deg. At du er mi syster. Du er unik. Ei sjelden gåve. Eg vert varm om hjartet av å tenkje på den du er! :-) Og endå gladare over å tenkje på at du er mi syster :-)

Margit Kristine, du er heilt fantastisk! Eg er så himla, himla glad i deg! Enormt stolt av deg! Sjølv om du er Joar si, er du framleis litt vår og. Eg er utruleg velsigna, og så enormt takksam for at du er mi søster! :-D

Det boblar, boblar, boblar inni meg!

Eg klarar ikkje slutte å smile. Eg er så glad! Eg har så mykje, mykje å vere takksam for. Gud har velsigna meg så enormt! Dette veit eg. Men nokre dagar går det litt ekstra opp for meg, kor rikesleg velsigna eg faktisk er! I dag er ein slik dag :-)

Ein enorm takksam kviler over meg. Gårsdagen var fantastisk! Gud var sanneleg raus, og gjor det mogleg for meg og ikkje berre vere på bedehuset, men til og med få eit utbytte av kvelden. Vere delaktig! Og eg storkosa meg. Folk hadde gjort ein kjempe innsats, som resultera i ein veldig bra kveld! Tomlane opp for dykk supre medarbeidarar :-)

Men all ære til Han, for at eg fekk vere der i går. For utifrå formen, skulle ikkje det vere mogleg for meg å endå til komme meg ut av sofaen. Men Pappa fiksar! Jippiiiii!!! Amen :-)

 

(Nye tenner og vell fotogen)

No er eg så takksam, at det nesten boblar over! Det sprudlar! Kriblar! Einaste eg kjenner på, er ei enorm glede! Ei enorm stor glede, som må kome til utløp på eit vis. Eg vil, eg vil, eg viiiil eigentleg hoppe. Danse. Juble. På utsida, ikkje berre på innsida. Men det får vente litt ;-)

Dette innlegget er ganske likt eit eg har skreve tidligare. Men det gjer ingenting. Eg kan framleis få lov til å vere takksam for dei same tinga :-) For Gud er så raus! Vår Pappa er så himla, heidundrane fantastisk!!! Denne jula har eg fått vore masse med min fine og fantastiske familie. Den beste familien :-) Det har gjort særdeles godt! :-D Ååh, eg er så glad i dei!

I tillegg har eg så mange flotte og gode vener! Verkeleg. Dei er dei aller beste! Sjeldent gode! Eg er så utruleg velsigna, med så mange kjekke, fine, flotte, fantastiske menneske rundt meg. Som ser meg. Bryr seg om meg. Gjer meg glad med sitt nærvær. Og er glade i meg! :-D

Størst av alt, har eg ein stor og mektig Pappa! Ein Pappa som elskar meg, har framtid og håp for meg. Ein pappa som faktisk ingenting er umogleg for. Halleluja :-D

Takksam, takksam, takksam! Hjelpes! Det kriblar så mykje inni meg, at eg veit ikkje heilt kor eg skal gjere av meg!!!

Vente, vente…

I skrivande stund venter eg på svar. Seks glas med blod er på plass i Augsburg, vell analysert. Men på grunn av juleferie, har me ikkje telefonkonsultasjon før 10.januar.

Etter formen å døme no, er nok ikkje prøvene heilt fine. Forhåpentligvis er dei ein del betre :-) Det er litt vanskeleg å sei, ettersom eg går på sterke medisiner med lite fine bivirkningar, som og kan ha si påvirkning på formen. Men hostesaften gjer framleis si nytte, så eg hostar ikkje så mykje. Det er veldig deilig :-D Ellers ingen endring den rette vegen, enno ;-)


649-dogs_large

Holidays are coming!

Yes, they are! Jippi!!! :-D

Denne gjer meg varm om hjartet!

Medan eg mimra så fint til den tida dei visste å vise skikkelig gode julereklamar, fann eg denne:

Haha! Ein julehyllest til GTA addicts.

No skal eg på julehandel for 4.gong! Hjelp! Tomlane opp for rein julehandel på nett neste år.

Velkommen kjære deg!

Eg prøvde å importere alle innlegga frå min gamle blogg. Nokon av dei vart litt tullete, og kommentarane kom ikkje med. Uansett, er wordpress mykje betre enn blogg.no ;-) Yes, no har eg endeleg skikkelig smiley og får bruke hermeteikn. Jippi! :-D

(November i fjor)

Pappa elske deg!

Mangen har nok både sett filmen og lest dette brevet før. Eg har sjøl gjort det mangen gonge. Men det får fremdeles nye betydninga for meg. Uansett kor mange gonge eg lese det, så vise Gud meg heile veien någe nytt med det. Med sine ord. Når eg trur eg har fått fult utbytte av det, bryde Han ennå sterkare gjennom, og treffe på ett djubare nivå. Gud e fantastisk!

Eg vil sterkt anbefala deg til å ta deg god tid til å lesa/se filmen, og la desse ordå få synka skikkelig inn :-)

Mitt Barn,

Du vet kanskje ikke hvem jeg er, men jeg vet alt om deg           (Salme 139:1)

Jeg vet når du sitter og når du står oppreist           (Salme 139:2)

Jeg er vel kjent med alt du er            (Salme 139:3)

Til og med hvert eneste hårstrå på ditt hode vet jeg om          (Matteus 10:29-31)

For du ble skapt i mitt bilde            (1. Mosebok 1:27)

I meg lever du og beveger deg og er til              (Apostlenes gjerninger 17:28)

For du er min slekt                              (Apostlenes gjerninger 17:28)

Jeg kjente deg allerede fra før du ble unnfanget              (Jeremia 1:4-5)

Jeg bestemte deg da jeg planla skapelsen         (Efeserne 1:11-12)

Du var ikke en feiltagelse, for alle dine dager er skrevet opp i min bok           (Salme 139:15-16)

Jeg fastsatte den eksakte tiden for din fødsel og hvor du skulle bo   ( Ap.gj. 17:26)

Du er skremmende og vidunderlig skapt           (Salme 139:14)

Jeg vevde deg sammen i din mors mage              (Salme 139:13)

Og jeg dro deg fram den dagen du ble født            (Salme 71:6)

Jeg har blitt fremstilt feil av dem som ikke kjenner meg              (Johannes 8:41-44)

Jeg er ikke langt borte fra deg eller sint, jeg er sann kjærlighet         (1 Johannes 4:16)

Og det er mitt dypeste ønske å få gi deg min kjærlighet               (1 Johannes 3:1)

Rett og slett fordi du er mitt barn og jeg er din far         (1 Johannes 3:1)

Jeg tilbyr deg mer enn din jordiske far noen gang har kunnet tilby       (Matteus 7:11)

For jeg er den perfekte far                (Johannes 5:48)

Hver god gave som du mottar kommer fra min hånd       (Jakob 1:17)

For jeg er din forsørger og den som møter alle dine behov          (Matteus 6:31-33)

Min plan for din fremtid har alltid vært fylt med håp           (Jeremia 29:11)

Fordi jeg elsker deg med en evig kjærlighet           (Jeremia 31:3)

Mine tanker for deg er like talløse som sandkornene på stranden         (Salme 139:17-18)

Og jeg fryder meg over deg med jubel               (Sefanja 3:17)

Jeg vil aldri slutte med å gjøre godt mot deg           (Jeremia 32:40)

For du er min verdifulle eiendom           (2. Mosebok 19:5)

Av hele mitt hjerte og hele min sjel ønsker jeg at du skal slå rot           (Jeremia 32:41)

Og jeg vil vise deg store og vidunderlige ting             (Jeremia 33:3)

Dersom du søker meg av hele ditt hjerte, vil du finne meg           (5. Mosebok 4:29)

Ha din lyst i meg, og jeg vil gi deg alt ditt hjerte ønsker            (Salme 37:4)

For det er jeg som gir deg disse ønskene                   (Filipperne 2:13)

Jeg er i stand til å gjøre mer for deg enn du kan klare å forstå             (Efeserne 3:20)

For jeg er din største oppmuntrer          (2 Tessaloniker 2:16-17)

Jeg er også den Far som trøster deg under alle dine problemer    (2 Korinterne 1:3-4)

Når du har hjertesorg, er jeg nær deg             (Salme 34:19)

Som en hyrde bærer et lam, har jeg båret deg nær til mitt hjerte         (Jesaja 40:11)

En dag vil jeg tørke vekk hver eneste tåre fra dine øyne          (Åpenbaringen 21:3-4)

Og jeg vil ta vekk hver eneste smerte du har lidd her på jorden          (Åp. 21:3-4)

Jeg er din Far, og jeg elsker deg slik jeg elsker min sønn Jesus        (Johannes 17:23)

For min kjærlighet for deg er forløst i Jesus                   (Johannes 17:26)

Han er det nøyaktige bilde av min eksistens             (Hebreerne 1:3)

Han kom for å demonstrere at jeg er for deg, og ikke imot deg          (Romerne 8:31)

Og for å fortelle deg at jeg ikke teller dine synder           (2 Korinterne 5:18-19)

Jesus døde slik at du og jeg kunne forsones                 (2 Korinterne 5:18-19)

Hans død var det ultimate uttrykk for min kjærlighet til deg            (1 Johannes 4:10)

Jeg ga opp det jeg elsket for å prøve å få din kjærlighet               (Romerne 8:31-32)

Dersom du mottar min sønn Jesus som gave, da mottar du meg         (1 Johannes 2:23)

Og ingenting vil noen gang skille deg fra min kjærlighet igjen           (Romerne 8:38-39)

Kom hjem og jeg vil holde det største selskapet himmelen noen gang har sett         (Lukas 15:7)

Jeg har alltid vært Far, og vil alltid være Far           (Efeserne 3:14-15)

Mitt spørsmål er? Vil du være mitt barn?         (Johannes 1:12-13)

Jeg venter på deg   ( Luke 15:11-32)

Kjærlig hilsen fra din himmelske Pappa, den allmektige Gud .


Eg har flytta inn i mitt doseringsbrett!

Tenkte det kanskje va på tide med en liten info post, om koss det ligge an;-)

Jey:

  • Siden innedagen sist torsdag, har Gud gitt meg så mange kjekke daga:-) Har måtta avlysa någen avtala, men har fremdeles gjort någe kvær dag. Digg, digg! Og denne helgå va sannelig fantastisk. Enormt kjekke! Han har gitt meg akkorat det eg trenge, når eg trenge det, via andre. Gud e kul!:)
  • Hostesaften hjelpe ennå:-)
  • I dag va eg hos tannlegen. Eg va heilt sikker på at eg hadde masse hål. Tada, null hull! JIPPI!!! Så det blei bare med foto og at tannlegen skylte og stelte litt med tennene mine, fordi dei tar jo litt skade av så masse sterk medisin. Og eg fekk det gratis! Jippi! Raushet fra tannlegen. Den va ikkje forventa;-)

Eg øve meg på å vær ærlig. Sjøl på negative ting..

Ney:

  • ..så ja, formen har egentlig våre skikkelig dårlig dei siste mnd. Siden slutten av juli. I tillegg, fekk eg influensa når eg kom heim fra Tyskland. Den har heldigvis nesten gitt seg nå. Men, pga.det har eg våre en god del verre den siste perioden.
  • I tillegg har eg begynt på en antibiotika type til. (Så nå tar eg 11 tabletta til dagen. Pluss væske medisinen, og hostesaften. Jey!) Bivirkningane e fremdeles veldig tydelige, så det har våre en del kvelda eg har låge vågen ei god stund, pga.smertene. Tar ei stonn før smerteterskelen stige, og kroppen venne seg til det.

..nå kjenne eg at eg egentlig ikkje lige desse ..dei blir jo bare kjipe..men ligavell så e det litt greiare å gjer det her, på bloggen. Det e jo litt meiningå at eg ska sei litt om det her, samtidig e det litt lettare å vær ærlig, fordi eg sleppe å se folks reaksjona når eg fortelle om helså.

Dette blir vell litt som dagens outfit: Se på mitt nye, fine pillebrett! Veldig praktisk, siden det e litt masse å holda styr på. Thank you, daddy:-)

(Egentlig sko det våre fordelt på 4 bolka utøve dagen, men eg fekk ikkje opp den nederste:-p)


(Dei fleste tablettane e på størrelse med en 1 kroning:-p)